Denne våren har masterstudenten Susanna Fære Spildo vore i praksis hjå Oxford Research. Susanna studerer Statsvitskap og Leiing ved Universitetet i Agder (UiA). Ho ønska ut i praksis for å styrke fagleg forståing og førebu seg til arbeidslivet. Ho beskriv studiet som teoritungt, og såg på praksis som ei ypparleg moglegheit til å kople teorien opp mot praktisk arbeid.
Susanna vart presentert for Oxford Research på eit praksismøte arrangert av UiA. Ho hadde aldri høyrt om selskapet tidlegare, men vart fort overtydd om å søke. Ei praksisstilling i Oxford Research verka svært spennande og lærerik når det kom til å kunne delta i prosessen som ligg bak utvikling av ny kunnskap gjennom forskingsarbeid. Dessutan vart ho imponert over prestisjen til Oxford Research innan offentlege evalueringar.
Under praksisopphaldet har Susanna deltatt på fleire ulike prosjekt. Første dagen vart ho tildelt eit oppdrag frå Udir som gjekk ut på å lage brukarundersøkingar på nokre digitale pilotkurs, samt utarbeide eit rammeverk og ei sjekkliste for framtidige digitale kurs. Det prosjektet følgde ho som teammedlem gjennom heile praksisperioden, og fekk vere med på møter, intervju og rapportskriving. I tillegg gjennomførte ho ei kartlegging av Forsvaret sin omtale og påverknad på kommuneplanen i forsvarskommunar som del at Pilotprosjekt Forsvarskommune. Kartlegginga vart brukt som kunnskapsgrunnlag for Forsvaret sine moglegheiter og avgrensingar som samfunnsplanleggar i forsvarskommunar.
Gjennom praksisperioden på Oxford Research har Susanna hatt god nytte av kunnskapar ho har opparbeida seg gjennom studiet. Både metodiske og faglege, samt akademisk skriving. Desse kunnskapane har kome godt med og blitt styrka i praksisperioden. Ho beskriv at ho gjennomgåande har fått tillit og ansvar når det kjem til å løyse oppgåver, samt god oppfølging. Tillits- og kunnskapsdelingskulturen ved Oxford Research var noko som overraska Susanna under praksisoppholdet.
Susanna følte seg godt tatt i mot under praksisoppholdet. Ho beskriv arbeidsmiljøet som godt og inkluderande, og har blitt inkludert i det sosiale frå dag éin. Alt frå uformelle samtalar ved lunsjbordet eller pulten til After Work. Ho trekker i tillegg fram at det har vore givande å diskutere fag med såpass erfarne og fagleg sterke kollegaar.
Det Susanna trekker fram som det beste med praksisperioden er kor lærerikt det har vore, samt det gode arbeidsmiljøet. Ho vil anbefale andre studentar å søke seg til Oxford Research, og trekker fram korleis det har styrka henne fagleg på mange ulike tema på tvers av sektorar. Praksisperioden har dessutan bydd på god inspirasjon til tema til masteroppgåva ho skal begynne på til hausten. Etter praksisoppholdet blei Susanna tilbode å fortsette som researcher hjå Oxford Research, noko ho takka ja til.
DEL